FOREDRAG: Stephen J. Walton - "¡Muxe! Du treng ikkje å vere kvinne til å vere dame"

Skeivt Kulturår
Stephen J Walton foredrag

Siste uka i oktober blir det «Skeiv langhelg» på Det Andre Teatret. (Hold av datoene, programmet lanseres snart!) Som opptrapping til festivalen har vi invitert en del foredragsholdere til både intern bruk, og åpent for alle. I morgen, torsdag 22. september kl.17:30 blir det gratis foredrag med akademiker Stephen J. Walton på hovedscenen. Foredraget handler om Muxe, det tredje kjønnet i Oaxaca regionen i Mexico.

Stephen J. Walton er professor i tverrfaglege kulturstudiar ved Universitetet i Søraust-Noreg i Bø i Telemark. Han gav ut boka Muxe! Du treng ikkje å vere kvinne for å vere dame hausten 2020. Der skriv han om genus- og kjønnssystemet i eit samfunn sør i Mexico. Walton har ein omfattande produksjon av kunnskapslitteratur bak seg, og har m.a. skrive om Ivar Aasen, om norsk målreising, om biografisjangeren, og om amerikanisering, og har dessutan gjeve ut ein satirisk roman, Roadmovie. Manuset. No arbeider han med seksualitetshistorie, og med ei minnebok. Han skriv fast i feminismespalta i Klassekampen.

Føredraget handlar om genus- og kjønnssystemet i Istmo de Tehuantepec, eit tydeleg avgrensa område sør i delstaten Oaxaca i Mexico. Området har teke var på eit system med tre genus, menn, kvinner, og muxes, som altså er anatomisk mannlege personar som speler ei sosial kvinnerolle. Rolla deira blir definert ut frå arbeid, sjølvpresentasjon, og seksualitet. Muxes er transgenuspersonar, men ikkje transseksuelle, og ein muxe som får kvinneleg anatomi er ikkje lenger muxe, men kvinne. Me skal høyre om korleis dette systemet fungerer, og om korfor det har overlevt på nett denne plassen når liknande system er så godt som borte alle andre stader i Nord-Amerika. Så får me reflektere over om me har noko å lære av dette samfunnet som evnar å gje transgenuspersonar ein tydeleg identitet utan at dei naudsynleg treng å modifisere kroppen sin, eller melde seg som kandidatar for medisinsk behandling.

Alle er VELKOMMEN og foredraget er GRATIS. Det er bare å komme!

De andre forestillingene

Skeiv Langhelg: Instant Broadway

En helaftens improvisert musikal.
Onsdag
26. okt. 2022
20:00
Hovedscenen

The Kontor

En improvisert sit-com om ditt kontorfellesskap
I dag
7. okt. 2022
19:00
Hovedscenen

Fredagsfilmen med Kristine Grændsen

En improvisert forestilling i din favorittsjanger!
I dag
7. okt. 2022
21:00
Hovedscenen